Jutullen og Hollogutten
Eit eventyr frå Grong.
Attmed garden Holund er eit stort berg, Holloklompen dei kalla. Der var eingong ein jutull, som hadde heimen sin der. Han skulle vera så overlag rik. Holund var den gongen berre ein plass, så det må vera lenge siden. Der budde eit parfolk, som hadde ein son, og han var så ustyren av seg at han visste mest ikkje kva gale han skulle gjera. Eingong hadde han gjort noko riktig gale, og så sa faren åt honom: Du sluttar no ikkje med slik galskap før enn du kjem åt ”Jutullen”. Det er best eg reiser straks då, tenkte guten, og så gav han seg i veg.
Då han kom opp åt bergklompen, råkte han jutullen, og dei vart såleis forlikt at guten skulle bli dreng hjå honom. Det fyrste guten fekk sjå då han kom inn i berget, var ei blind kjerring.
”God dag ” sa guten, då han kom inn og tok av seg huva. ”God dag” igjen, sa jutullen og bad guten setja seg. ”Det er kjerringa mi det der,” sa jutullen og peika på gamla, ”ho er blind, og difor må du ikkje leggja noko i vegen for henne, og så må du vera grom åt ho” Ja, det lova guten.
” Kom nå, så skal me bere ved” sa jultulen. Då dei kom åt skytja, var kvar vedskia så stor og tung at guten ikkje vann å løfte ei, langt minder fleire. Han plukka då berre i hop nokre fliser som hadde sprotte av då jutullen hogg ved. ”Kvifor tek du ikkje ved liksom eg” sa jutullen og vart reint galen. ”Jau, dek skal eg segja deg, ” sa guten, ”skulle eg ha teke ved, hadde eg teke alt som er i skyttja, og det hadde vorte leit åt kjerringa di, for då hadde det vorte noko å snåva i, difor tok eg berre noko spik, og det kan vera godt å ha når ho skal tenda opp.”
Jutullen skulle not enda opp elden, men det ville ikkje brenna. Så han la til å blåsa, og han bles så sterkt at guten flaug opp under taket. ”Kva er det du ska så høgt, din tosk. Enn du kjem utover kjerringa mi” sa jutullen og var så galen at han skolv. ”Eg skal berre sjå åt om her er lite næver, så du kan få tenda opp med” sa guten, han var så blid då han for og skrapa under taket.
Kjerrringa heldt på å laga ost, og så fekk jutullen og guten kvar si kjesmus. Kjesmusa var så stor at guten vann ikkje eta opp helvti eingong, men han gøymde det som vart til overs i barmen, for han meinte det var vel godt å finna. Jutullen gløypte i seg si med ein gong, og så tok han seg ein forsvarlig sup med kvitmussu etter.
”No må du koma, så skal vi ut å trøska,” sa jutullen. Guten tok huva si og gjekk etter honom åt låven. Kjesmusstykkjet la han attmed ein stein utafor låvedøra. Jutullen tok fram tvo slogoar og let guten få den eine. ”Det er då underlig kor små slogoer han brukar han som er så sterk”tenkte guten. Når kornbanda var framlagt, tok dei då til å slå, men jutullen slå så hardt at banda flaug omkring i låven. Men då jutullen sag at dei banda som guten slo på, låg like still, sa han:”Du må då slå like hardt som eg”. ”Eg slær då endå hardare eg” sa guten, ”banda sprett då opp når du slær, men eg slær så dei vart liggjande der dei ligg” Jutullen prøvde å slå endå hardare, banda spratt endå verre. Då vart jutullen galen og tok ein stein som han kleip i stykkjer mellom fingrane. ”Eg er vel sterkare enn du allikevel eg”, sa han då. ” Å, det kan vel koma an på det,” meinte guten, liksom ingen skulle vera såpass. Han retta seg ut gjennom låvedøra og fekk ostestykkjet, og så kleip han det mellom fingrane så mysa rann.”Gjer meg det etter,” sa han. ”Det kan vel ikkje vera verre for meg enn for deg det” svara jutullen og tok flintstein som han kleip så stykkja spratt, men det kom ikkje droppen. ”Du er vel sterk likevel,” sa jutullen. ”Du får ganga etter lite vatn åt kjerringa mi,” sa jutullen og viste guten eit par bøttar, men dei var så store og tunge at guten neste ikkje kunne løfta ei utav deim om ho var tom. ”Eg kan då vel ikkje ganga og diltra med disse små bøttane,” sa han, lat meg få eit par skikkelige bøttar, så skal eg berre heim heile kjelda med ein gong.”
Nei, då vill jutullen heller bera vatn sjølv, for dersom heile kjelda vart heimboren, kunne kjerringa detta nedi og bliva der. ” Du kan heller ganga å gjæta kyrne du, så skal eg bera vatn”.
Då gutten kom bort i skogen med kyrne, tok han bjølla av bjøllkua og hengde opp i eit tre, og så skar han rompa av alle dei andre kyrne og stakk deim nedi ei myr. Men kyrne jagde han heim åt foreldra sine. Då han hadde gjort det, gjekk han åt jutullen og fortalde at alle kyrne hadde gjenge seg ned i myra så nær som bjøllkua, ho hadde faret til vers. Jutullen skulle då sjå etter om det var sant, og då han kom bort på myra, fekk han sjå at berre rompa av kyrne stod etter. Han skulle prøve å draga deim opp og tok i av all makt, men datt baklengs, så det klask i myra. Jutullen som trudde at han hadde slite rompa av all kyrne, vart rein storgalen.
”Du er vel ein strid kar til å arbeida, men kapp-eta med meg kan du no ikkje likevel,” sa jutullen. ”Det skal vi nappast om,” svarte gutten, og så var han av stad å fekk i ein sekk, som han festa oppunder trøya. Kjerringa hadde koka eit stort fat med feit rjomegraut, og bar det til å eta. Jutullen var sopin og tok i seg så det forslo, men guten vart verre likevel han, for han auste i sekken. Då jutullen vart godt mett, så han bort åt den kanten guten åt, og då fekk han sjå at guten hadde gjort eit større hol i fatet enn han, begynte han på nytt lag. Men guten vann over honom i grautfatet også. Då dei hadde lagt bort skeia, begynte jutullen å klage seg for at han hadde ete seg klein. Han gjekk og jamra seg og heldt seg på magen med båe hender.
”Det er nok ikkje fritt for at eg også er litt klein,”, sa guten, ”men det veit eg så god råd for.”
Jutullen ville då gjerne få høyra den rådi, og så skulle han fylgja med gutten ut og sjå korleis han bar seg åt. Då dei kom ut tok gutten ein kniv og skar hol på trøya og sekken, så grauten valt ut. Jutullen stod reint forfærd og visste ikkje om han torde bruka den rådi. Enden vart at han ikkje torde våga på det.
Om natta skulle guten liggja oppå loftet. Jutullen og kjerringa låg ned i stova og når dei trudde at gutten hadde somna, tok dei til å snakka om korleis dei skulle bli fri honom.
”Når han no heve somna,skal eg taka storsleggja mi og gjera av med honom,” sa jutullen.
Dette låg gutten å høyrde på. Han smaug seg ut og tok eit trau med frau, som han sette ned i senga og så steig han attom muren. Han hadde ikkje stått der lengje førenn jutullen kom stavrande opp med ei stor sleggja og slo til senga så det skvatt. Så gjekk han og la seg atter, og no meinte han dei skulle vera fri gutten. ”Korleis gjekk det?” spurde kjerringa. ”han ga ikkje ein ljod frå seg,” svarte jutullen.
Då jutullen våkna om morgonen hadde gutten bore ut trauget og låg no i senga. Då jutullen fekk sjå at gutten var like frisk som om kvelden, vart han reint opp i under. ”Hev du kjent noko ilt i natt?” spurte han. ”Nei–, sa gutten, ”eg tykte det eingong var ei loppe som beit meg, men elles hev eg sove godt.” Då vart jutullen så redd at han stod og skalv.
”Eg hev no ikkje meir arbeid åt deg,” sa han, ”og difor er det vel best du reiser. Du skal få så mykje gull som du kan bera hvis du vil reisa” — ”Å nei, eg skal vera nøgd når eg får så mykje som du kan bera,” sa gutten. Jutullen la på seg så mykje som han orka bera og fylgde med gutten til dei såg plassen. Der kasta han ned gullet og sa at no kunne gutten bera sjølv. Kven som no vart mest glad, anten jutullen eller gutten, veit ingen. Men gutten og foreldra måtte bera lenge før dei fekk alt gullet heim.
Kilde: Grong Bygdebok av Martin Bjerken.