Brurabenkjen

Mellom Valskrå og Jørum er der eit bratt flaberg som vert kalla Brurabenkjen.

Mellom Valskrå og Jørum er der eit bratt flaberg som vert kalla Brurabenkjen. Det er forresten ikkje så mykje igjen av han no etter at den nye sørsivegen mellom Valskrå og Heggum vart bygd, då dei la vegen rett over benkjen. Dette flaberget skal ha fått namnet sitt etter ei hending med eit brurpar som skulle avstad å gifta seg. Kor dei var i frå og kor dei skulle for å verta gift, har det ikkje vore fortald noko om,men det kan tenkjast at dei var fra Jørum og skulle til Ranemskirka, ettersom den eldste vegen fra Jørum gjekk oppe på toppen av flaberget som ein gamaldags rideveg. Skulle dei vera på veg til Grongkirka, hadde dei ikkje teke vegen over Brurabenkjen og Skotleiken. Om dette bruraparet har det vore fortald at brura hadde mothug mot giftinga, enten det var at ho mislika brurgommen sin eller noko anna veit ein ikkje noko om, men då dei var rett på toppen av flaberget, nytta ho høvet til å kasta seg utover berget og mista livet. Det skal vera frå denne hendinga at dette flaberget fekk namnet Brurabenkjen.

Kilde: Martin Bjerken, Grong bygdebok.