Berre ein haka for ei dør

Eg skulle lag haka for nokre smådører i fjøset.

Hakan ville eg ha så bra som råd, men korleis skulle han da lagast?  Hadde sett ein gama lein, som var lagt på sida.  Fram med gamalhakan!

Ja, så.  Eg såg nøye på han.

Lang krok.  –  Denne er ikkje lett å rikle laus.  Stor ring på andre enden.  –  Blir stødigare av det, og så er ringen bøygd opp og ikkje ned og hamra tynn mot spissen.  Kvifor?  Så snart hakan blir løfta opp, skal han med ein gong slutte å stramme.  Han skal løysast i langretningen,  –  og slutt å klemme seg innåt døra.

Slik ein krok eller ring på enden av hakan verkar nesten som ein ”tømmerbjønn”, dersom han er rett laga.  Han strammar åt i lengde-retninga, og han strammar åt innåt døra til sida.

Måtte undre meg  –  -.

Tru om gamlekarane hadde greie på skråplanet likevel.

Ein ting er att å nemne.    Kvifor denne litle krøllen på hake-spissen?

Har freista gi dette svaret:  Hakan har ikkje så lett for å hekta seg fast i klede  –  om han uforvarande skulle stå ut til sida.  Og så er det pryd.

Sam. Fossland