Gamalt krustyverk i Grong

For kring hundrad år sidan vart det på Rønningen i Grong laga grovkrusty.  Det vart laga skåler, kommar og fat, truleg og krukker.  Krustyet vart glassert.  Dette var då berre innvendig, og det var og innsida som vart stasa til med figurar, serleg krossar i gul eller grøn farge.  Denne prydnade kunde ta seg godt ut på mørkebrune skåler og fat.  –  Dette heimelaga krustyet var kanskje noko ujamt  –  botnen kunde somme tider bli i tynnaste laget, det hende og at skåla ikkje stod så heilt stødig  –  men  –  likevel, krustyet var ”slett ikkje som verst”.

Sovidt er har kunna få reda på, vart det laga ikkje so lite av slikt kjøkenty, mest kanskje for sal i bygda, men det var og avsetnad i nabobygdene, millom anna i Nordli.  Det er slett ikkje utruleg at grovkrustyet frå Grong var kjendt på ein slik stad som ”Mælamartnan”, og at det vart seld der, eller byta i andre varer.  Ei litavore skål av dette slaget, kunde kosta på lag 2 skilling (6 øre).

Andrias Olsen Duun heitte han som dreiv på med dette arbeidet. (Han var morfar til konservator Nordgård).  –  Kunsten hadde han lært i Trondheim.  Han hadde ein liten verkstad, eit langvore hus, med ei maskin, som mest likna på ei handkvern, attmed den eine tverveggen og ei gruve attmed den andre.  Korleis han bar seg åt med brenninga, og glasseringa, har eg ikkje makta få rede på.  Det er nok alt gått over i gløymsla, som so mykje anna.

Sonen, Kasper Rønningen, tok og til med å laga krusty etter faren, men slutta med det, truleg kring 1860 eller då han byrja med handel.  Men han hadde ei tid heimelaga grovkrusty på bua.

Kasper Simon Andriassen Tømmeraas var født 1824 og døydde 1897.  Han er so vidt eg veit den siste som har freista laga slikt her i Grong.

Tverrsnitt av grovkrusfat og skål

 

Eg har og freista å leita etter om det enno skulde finnast noko av det heimelaga grovkrustyet i Grong, og eg har fått rede på to fat og ei skål, som Kasper Rønningen skal ha laga.  Men diverre,  –  teikningane eller rosene innvendig er so hardt medfarne at det er uråd å få noko sikker meining om korleis dei har vore.  Berre rester etter dei vanlege friske ljosegrøne og ljosgule farga syner.  Ein kunde likevel sjå ei gul rand kransa med grønt kring kanten av fatet, og denne gule randa var pynta med ei brun, bukta line  –  med ein prikk i kvar sving.

Grovkrustyet vart laga av leir.  Leir  –  dette forunderlege mjuke råemnet  –  brukt frå eldgamal til og forma til so mangt rart gjenom tidene  –  av menneske med ein gudgjeven trong i seg til å nytta det naturen gav,  –  slikt råemne fanst i Grong.  Men sjølv om det låg bra til rettes slik, so var tiltaket noko utanom det vanlege.  Og vi kan vera visse på at det ikkje gjorde seg sjølv.  –  Råemnet låg der  –  hadde lege frå alders dagar.  Og som kom mannen.  –  Han såg at det kunde gjerast noko ut av dette, drøymde om det fyrst.  –  Men det vart ikkje berre med draum.  Draumen vart  til røynd.  –  Då som no, når berre rette mannen kjem.

Grong i desember 1935

Sam. Fossland