Lars Åsmulom

Forteljing frå Harran.

Han Lars Åsmulom er kanskje den likaste skilauparen som folk veit å fortelja om i desse bygdene.

Han Lars Åsmulom er kanskje den likaste skilauparen som folk veit å fortelja om i desse bygdene. Det finst mange forteljingar om renninga hans, og her skal ei av dem forteljast.

Han Hall Fuglår var en rik mann i Overhalla, og han hadde ein Gudbrandsdalshest som vart kalla Fuglårblakken og var ein reint makalaus tråvar, i all fall fanst det ingen hest her i bygda som fylgde honom. Så var det ein gong han Hall kom frå Namsskogan, han hadde vore der og henta eit taklass.

Då han kom på Aunfossen, kom han Lars på ski og helsa «god dag». «God dag igjen,» sa han Hall

«No fær eg selskap,» sa Lars. «Å, det blir no vel ikkje så langt eit selskap,» meinte Hall.

Han Lars svara ikkje noko på det, og så gjekk det no godt oppigjennom Fossdalane medan det var i mot. Men då dei kom opp på «solesmyrån», bukka ha Hall og sa: «Ja, no fær du ha farvel då,Lars».

Dermed slo han på Blakken, og så bar det i veg.

Han Lars skreid attom litt i fyrstninga, men det varte ikkje lenge før han seig innpå igjen, og sidan

heldt han seg i laget heile tida. Ute i «Fesjesgålåm» kvilte han Hall ei stund, men då han kom på Tørrisdalbakkan og skulle legja ned til åt isen, var han Lars i laget igjen. Då tenkte Hall med seg sjøl, at no skulle han då bli for sein, men Lars heldt seg på sida av honom heile isen utover, og det var ikkje fritt at Hall tykte med kvart at det var eit skrømt som rende i lag med honom utetter isen. Då dei så kom åt «Væresstøa», rende han Lars opp der og sa takk for laget.

Ein sundagsmorgon i fyrste helvti av mars månad fekk han Lars Åsmulom hug til å ta ei lengre kirkreis. Han batt på seg skia og strauk avstad i grålysinga. Han tok vegen ut gjennom Harran og Grong til Jørum, for så tvert over fjellet til Stod og kom åt Kvamskirka, då presten kom inn og skulle ganga alteret. Dett vegstykkje skal vera kringom 8 mil. Ein kald vinterdag sa kjerringa hans Lars: I dag fær du taka på deg skia,Lars, og renn ut på Øisletta med barselgraut. Han Lars så gjorde og kom endå dit medan grauten var varm.

Kilde: Martin Bjerken, Grong bygdebok.

Del på Facebook | Del på Nettby

Tilbake til oversikten