Håkkåskjønna

Mellom Bersmoen og Berre ligg der ei kjønn som heiter Håkkåskjønna. Om denne kjønna går der ei segn, nemleg at eit brudepar skal ha drokna der.

Mellom Bersmoen og Berre ligg der ei kjønn som heiter Håkkåskjønna. Om denne kjønna går der ei segn, nemleg at eit brudepar skal ha drokna der. Kva tid denne hendinga gjekk for seg veit ingen noko om, men om så er at det har hendt, må det truleg vera før svartedauen. Den første Grongkirka skal vera bygd i 1300-åra, og om ho var bygd før svartedauen må det ha vore før 1350. Nok om det, segni om brudeparet som drokna då dei skulle åt kirka kan godt vera eldre enn etter at Grong fekk si eige kirke. Namnet Håkkåskjønna skriv seg frå at brurgommen heitte Håkkå, men navnet på brura har ikkje vore nemnd. Det skulle vere tidleg på vinteren, og der var lagt is på kjønna, og vegen gjekk over kjønna og det har vore sagt at dei kjøyrde, men det har også vore sagt at dei reid på kvar sin hest, og korsom er skulle dei over kjønna, og då dei kom ut på ho, rauk isen og dei gjekk til botn og drokna. Brura var ei kronbrur som var pynta heimanfrå, og hadde sylvkrona på hovudet. Og på botn av Håkkåskjønna ligg brurakrona den dag i dag. No er landskapet slik attmed kjønna at der er ei myr som går rett ut mot Namsen, og vatnet frå kjønna må ut i Namsen. Her er det leirmæl, der det av og til går noen store ras, og her har det gått ras frå så lang tid attende som folk mins og mykje lenger. Om dette er det ein spådom frå Sibylla at eingong kjem der eit ras så langt innover at kjønna går ut i Namsen, og då vert kjønnbotn turt land, og då skal brurakrona finnast.

Men det kan ta si tid før denne hendinga kjem, men spådommen har folk kjend frå slekt til slekt.

Det er også ein annan alvorleg spådom fra Sibylla, nemleg at Ranemkirka skal rasa ut i Namsen på ein bededag. Denne siste spådommen hadde festna seg så sterkt i folketrua at fleire av prestane i Overhalla ikkje ville halde preike i Ranemskirka bededagen. Men det ser ikkje ut til å vera nokon fare for Ranemskirka, og det kjem til å ta lang til også her før ei slik hending med ras kjem.

Kor Håkkå og brura hans var i frå, veit ein ikkje noko om. Men har det vore på veg til Grongkirka for verta vigd, må dei ha vore frå den ytre delen av bygda.

Kilde: Martin Bjerken, Grong Bygdebok.

Del på Facebook | Del på Nettby

Tilbake til oversikten