Bon-Ingbor fra Fossland

På Fossland var der eingong ei kjerring som heite Bon-Ingbor. Ho var gift med ein som heitte Peter Bonde og hadde såleis namnet frå honom. Ho var halt, og korleis ho fekk denne haltinga har det vore fortald. Det var i høyånna eine sumaren at slåttefolket skulle bort i slåttenga, og ho Ingbor skulle vera med å breie

BON-INGBOR

På Fossland var der eingong ei kjerring som heite Bon-Ingbor. Ho var gift med ein som heitte Peter Bonde og hadde såleis namnet frå honom. Ho var halt, og korleis ho fekk denne haltinga har det vore fortald. Det var i høyånna eine sumaren at slåttefolket skulle bort i slåttenga, og ho Ingbor skulle vera med å breie.

id194tmcesizetruecontrolHo var ikkje eldre enn at ho hadde med seg «kakjesboka», og ho hadde boka i barmen. Så høvde det slik til at ho vart aleine ned i ein liten myrhals eller ei myrgjøt. Då visste dei ikkje noko av før ho Ingbor ropa feire gonger: «kom å hjelp meg, eg søkk». Dei brydde seg ikkje noko om det for det fyrste, for dei trudde no ikkje at det kunne vera nokon fare, men då dei skulle til å sjå etter, var ho Ingbor burte. Og dei til å leite, men fann ingenting, og då vart det eit heilt oppstyr. Dei fekk då samla folk, og det heilt frå Gartland, for å hjelpa til med leitinga. Men det var inga hjelp. Då byrja dei å ringa med kirkeklokkane på Gløshaugen, men ho Ingbor var og vart burte. Men så om tre dagar fann dei ho attmed mjølkematstova hans Hans Johanson, og då var ho halt. Ho fortalde sjøl at der kom ei framand kone åt henne ned i myrhalsen då ho holdt på å breie, og så visste ho ikkje noko av før enn ho liksom sokk nedgjennom jorda. Denne framandkona hadde blå klæde og ho ville endeleg hava ho Ingbor til å kasta katkjesboka, men det kom for henne at det måtte ho ikkje gjera. Framandkona tok då og leide ho med seg og synte henne mange vakre rom, gav henne mat og lova henne alt godt om ho berre ville kasta boka, men det gjorde ho likevel ikkje. Ho hadde så vel høyrd kaukinga frå leitarane, men ho var slett ikkje god til å svara dei. Men då det bar til å ringja med kirkeklokkane, tok godvetra i håret hennar Ingbor og drog ho med seg. Då dei kom åt garden, slengde ho henne i mot matstovnova så ho skamslo den eine hofta, og frå den tid var ho Ingbor halt all sin dag.

Kilde: Martin Bjerken, Grong Bygdebok

Del på Facebook | Del på Nettby

Tilbake til oversikten